Jan Kløvstad

Allsidig kulturarbeider nasjonalt og internasjonalt

Jan Kløvstad er tidlegare styremedlem og nestleiar i Noregs Ungdomslag. Han har blant anna skrive bøkene:

Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Norge, hovudforfattar og redaktør, Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996, hovudforfattar og redaktør, Glede og hugnad, samarbeid og dugnad, Aust-Agder ungdomslag 1896-1996, Ild, begeistring og varme. Om første folkehøgskolen på Sørlandet, Lutefisk, saman med John Moberg, Norsk humor, redaktør saman med Herbjørn Sørebø, Å bygge ein by på bøker, hovudforfattar og redaktør, Nils Hjelmtveit 1892-1985, forfattar og redaktør saman med John Lundstøl, Holt seminar 180 år. Lærerutdanninga i Holt 1839-1877, forfattar og redaktør saman med Ernst Håkon Jahr.

janklovstad-750

Utgitte titler

Her et utvalg:

Ungdomslaget

Kulturorganisasjonen Noregs ungdomslag feirar 100-årsjubileum i 1996. Laget har heilt sidan starten representert eit mangfald av ulike aktivitetar, og denne breidda er også idag eit særleg kjennemerke for organisasjonen.

Denne boka gjev eit bilete av det arbeidet som laga har utført i løpet av desse åra. Har kjelder og helsingsliste, samt oversikt over namn i Noregs ungdomslag. Ill.

Utgitt på Samlaget 1995

Lutefisken

Humorbok skrevet sammen med John Moberg og illustrert av Dagfinn Bakke.

Utgitt på Samlaget 1988

Å bygge ein by på bøker

«Å drive ein bokby er idealisme, klokskap og mykje arbeid. Det handlar om å skape leseglede, skriveglede, lokal patriotisme og vere attraktive for folk som vil reise lange avstandar for å oppleve, for å fordjupe seg, for å leve livet i det Lars Saabye Christensen kaller «bokbyens gledeshus», skriv Jan Kløvstad i oversiktsartikkel om bokbyane rundt om i verda.
Forfattarar frå Norge, Sverige, Finland, Færøyane, Island, Skottland og USA skriv om bokbyar og bøker. Bokbyar i Sverige, Belgia, Australia, Korea, Belgia og Tyskland gir glimt av arbeidet sitt, og boka byr også på punktnedslag i ti års bokbydrift i Tvedestrand.

Utgitt på Bokbyen forlag 2014

Austegdelaget i 100 år

Austegdelaget har betydd mykje for dei som har vore så heldige å få vere med, for Arendal og for distriktet. På det meste kom 250 deltakarar på folkedanskurs på ein kveld! Austegdelaget barneleikarring i 1962, og på 1950-talet var det store teatersuksessar. I fleire år før og etter andre verdskrigen var laget fast vertskap for fest for fylkestinget.

Utgitt av Austegdelaget på Bokhuset forlag 2020

Sørlandets litteraturpris 20 år

«I dette festskriftet hyller vi vinnarane, alle dei som er nominerte av ein sakkyndig jury som har lese alle forfattarar frå Agder som har skrive bøker frå 2000 til 2020. Noen av dei har vunne prisen, etter at vi vanlege lesarar også har sagt vårt», skriv redaktør Jan Kløvstad i forordet.

Boka inneholder også historia om initiativet til prisen, juryens arbeid, de mange bokbada over hele Sørlandet, og særlig omtale av den nye Sparebanken Sørs barne- og ungdomslitteraturpris og de to hedersprisvinnerne.

Utgitt på Bokhuset forlag 2020

Levande lokalkultur

Om du kjenner eit ungdomslag, kan du tru du kjenner Noregs Ungdomslag. Om du kjenner tre ungdomslag, er det vanskeleg å sjå kva NU er. Laga er så mangfaldige, aktiviteten så samansett og medlemmer så forskjellige.

I 2021 feirar Noregs Ungdomslag 125-årsjubileum. Noregs Ungdomslag er blant dei største allmenne kulturorganisasjonane i Norge. Nye tankar, nye ord og nye tiltak har dukka opp, alltid med grunnlag i ein solid tradisjon. Arbeidslyst, samarbeidsvilje og pågangsmot år etter år er det fotografiet som stig fram, når eg les, lyttar og samtalar meg fram til historia om denne rike, nesten særnorske rørsla som blir kalla den frilyndte ungdomsrørsla.