Nils Seland

Gartnar og lagsmenneske

Nils Seland (født 1946) frå Seland i Flekkefjord er gartnar og organisasjonsmenneske. Han har vore aktiv i Flekkefjord Ungdomslag og Mållag, styremedlem og leiar 1977-1981 i Noregs Ungdomslag. Han har hatt styre- og leiarverv i Lagsbrukssamskipnaden, lokale lagsbruk og andre forretnings- og samvirketiltak. Frå 1990 til 2007 var han dagleg leiar i Norske lagsbruk.

Nils Seland_2

Utgitte titler

Kaffikoppens kulturelle kraft

Historisk oversikt over lagsbruka – forretningsverksemdene innan Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag frå 1901 til 2020.

Kaffikoppens kulturelle kraft gir den komplette presentasjonen av alle dei kjente og populære kaffistovene og bondeheimane landet rundt. Det har vore skrive mykje om alt det store som er utført i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, men lite om kor dei fekk pengane frå. Nils Seland presenterer dei frilynde pengemaskinene: Kaffistovene, bondeheimane og andre forretningar landet rundt. Desse «ungdoms-husa i byane» var eigd av ungdomslag og mållag, og var svært viktige møtestader og penge-kjelder for norskdomsrørsla lokalt, på fylkesplan og landsplan.

Det var også kaffikoppens kulturelle kraft frå desse idealistiske forretningstiltaka som blei den økonomiske grunnmuren i Det Norske Teater.

Bokhuset Forlag i samarbeid med Noreg Ungdomslag, 2021

%d bloggers like this: